Dei danske arkitektane i Tegnestuen Felt, vinnarane av arkitektkonkurransen Europan i Ørsta, har nyleg lagt fram eit framlegg for ein utviklingsplan som tek føre seg området ved Bakk-Ola-marka og det nye legesenteret.

– Dette kan bli Bakk-Ola-markas grøne hjarte, der tilfeldige møte mellom bebuarar og besøkande oppstår, skriv arkitektane sjølve.

Dei foreslår m.a. at området mellom Bakk-Ola-marka og Anders Hovden-gata kan bli sådd til som ei eng, der det vil vere mogleg å slå råser i graset. Dei ønskjer også fleire tre ut mot Anders Hovden-gata for å ramme området inn og for å skape ei kjensle av privatliv og ro.

– Dette vil skape større biovariasjon med fleire insekt, fleire fuglar og meir liv, held dei fram.

Skråninga aust for legesenteret foreslår dei å forvandle frå asfaltveg til ein framtidig grøn og frodig eplehage.

– Her kan folk slappe av under epletrea, trene i dei nye terrasseavsatsane i skråninga eller ta del i innsamlinga av haustens frukter frå trea, skildrar dei.

I tillegg skriv dei i planane, vil skråninga fungere som ein gjennomgang for mjuke trafikantar, der ei rampeløysing gjer området tilgjengeleg for alle, på tvers av alder og fysisk form.

Asfaltby

Arkitektane skildrar Ørsta som ein «asfaltby», der bygningane gjerne er plassert i midten av byggefelta, omringa av infrastruktur.

– Når bygningane ikkje markerer seg ut mot gaterommet, oppstår det ein udefinert, opne og «spraglete» bystruktur. For å skape ein tydelegare by med veldefinerte og aktive byrom, må byen verte fortetta, der Ørsta i dag står fram som tom og open.

Målet med sentrumsplanen for Ørsta er å skape tydelege samband og ein tydeleg identitet for Ørsta sentrum.

– I dag er Ørsta sett saman av mange mindre usamanhengande «øyar» som fungerer internt, men ikkje som heilskap. Dette hindrar flyten i bygda. I utviklingsplanen er det lagt opp til tre nye vegsamband, som alle har til felles at dei forgreinar seg frå Nekken.

Dei tre hovudsambanda består av det urbane, park og sport og utdanning.

– Bakk-Ola-marka avsluttar Ørsta bysentrum mot aust, og kan samstundes seiast å vere byporten for besøkande som kjem til Ørsta via Dalevegen. Det er viktig å skape nye samband for mjuke trafikantar som koplar Bakk-Ola-marka betre på sentrum, skriv arkitektane, og meiner at det vil vere naturleg å etablere nye gang- og sykkelvegar i området.

Dei held fram at dei meiner det er viktig å knyte Bakk-Ola-marka til Ørsta sentrum med to tydelege samband, ein nordvestgåande, som allereie i dag er regulert opp til Ørsta rådhus og Nekken, og det bør også etablerast ein sørvestgåande som har samband berre til idrett- og utdanningsområdet, skulane og fleirbrukshallen.

– Det er gode moglegheiter for å få til eit grønare og meir fortetta området ved Bakk-Ola-marka, til fordel for bebuarar og besøkande. Der er mange små nisjar som bør bli utnytta så dei ligg til rette for bruk, og som lokkar bebuarane ut av bustadene sine, noko som igjen vil skape meir liv og aktivitet i området, skriv dei.

Frå asfalt til eplehage: Skråninga mellom legesenteret og Bakk-Ola-marka kan bli ein flott hage, meiner arkitektane i Tegnestuen FELT. Illustrasjon: Tegnestuen FELT Foto: Tegnestuen felt