– Dette syngjespelet vil leve lenge etter denne dagen. Det var fantastisk flott.

Biskop Ingeborg Midttømme var frå seg av begeistring etter premieren på syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» i Ørsta kyrkje laurdag kveld.

Ho var ikkje åleine, for publikum svara med trampeklapp då framsyninga var over. Det var fortent for skodespelarane, solistane, kora og musikarane som var med.

Komponist og dirigent Marie Austrheim, forfattar Jan Ove Ulstein og regissør Nina Elisabeth Bøe lukkast med å engasjere publikum i dei nær to timane syngjespelet varte.

Glad

Etter framføringa var Marie Austrheim rørt og glad.

– Dette var berre kjempegøy. Eg er så takksam over at vi har så mange koristar, solistar og musikarar å velje mellom i Ørsta, sa Austrheim til Møre-Nytt.

Ho starta på arbeidet med syngjespelet i januar, for å ho ynskte at dette skulle verte ein solid finale for 150-årsjubileet til Ørsta kyrkje.

Gjennom syngjespelet fekk publikum fortalt historia til Ørsta kyrkje, og publikum fekk vere med på å reise gjennom livsfasane, og kva ei kyrkje er.

Solistar

Matias Austrheim som prest og forteljar og Maria Helen Hovdenakk som Berte Kanutte Aarflot var dei sentrale personane som batt syngjespelet saman, og solistar var Hovdenakk, Arnulf Hjertvik, Leif Arne Strand, Gunnar Stave, Bjørn Holum, Kirsten Ragnhild Grimstad, Janne Nordal – og ikkje minst Karoline Årseth Dimmen, Andrine Valseth og Eskil Stokke Rødvik som hadde barnerollene.

Biskop Ingeborg Midttømme kom i eins ærend til Ørsta for å vere på framsyninga. Ho angra ikkje.

– Dette syngjespelet set verkeleg ord på kva kyrkja er. Det vart ei flott feiring av kyrkja. Eg håper mange fleire får ta del i dette syngjespelet, og at det til dømes vert spelt inn og gjeve ut, seier Midttømme.