Politiet har gjennomført ein farts- og åtferdskontroll i ei femtisone i Ørsta sentrum.

Det vart skrive ut fem forenkla førelegg. Desse galdt for høg fart. Ein av bilistane fekk også forenkla førelegg grunna bruk av mobiltelefon.

Politiet tok også beslag i eit førarkort. Føraren var registrert med ei fart på 77km/t i 50-sona.