Komande laurdag arrangerer Volda Ørsta Flyklubb stor flydag på Hovden Lufthamn. Og vermeldingane er gode!

Flyklubben arrangerer såkalla «Open dag» eller «Flydag» med jamne mellomrom, og dette er populære arrangement, fortel styreleiar i Volda Ørsta Flyklubb, Audun Klev.

I år har klubben merka spesielt stor oppslutnad etter opphald i dei siste 2 åra grunna korona.

Laurdag blir det ei rekke aktivitetar, som fallskjermhopping og oppvisning av modellfly.

– To av dei fremste akrobatikkflygarane i landet vil halda oppvisningar der det kan sjå ut som dei vanlege fysiske lovene er oppheva, fortel Klev.

I tillegg blir det rundflyging med klubbens eigne tre fly heile dagen. Erfaringsmessig eit svært populært tilbod der publikum får moglegheita til å sjå Sunnmøre frå lufta.

Volda Ørsta AmCar Klubb vil ha utstilling av bilane sine på eit stort område føre hangaren og klubbhuset til flyklubben.

– Meteorologane melder om godt flyvêr, så då bør alt ligga til rette for ein triveleg flydag på Hovden, seier Klev.