Ørsta kommune er i gang med planlegginga av skuleåret 2024/2025.

Alle skulepliktige barn skal innskrivast, også barn som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

I starten av februar vart det sendt ut eit brev med tildeling av skuleplass til alle barn som skal starte i 1. klasse hausten 2024. Brevet er adressert til barnet. Har de ikkje fått eit slikt brev så ta kontakt snarast.

Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule.

Barna blir plassert etter folkeregistrert adresse. Forskrift om tildeling av skuleplass for Ørsta kommune ligg til grunn for tildelinga.