Talet på eldre over 80 år vil vekse kraftig dei neste 15 åra, skriv NRK med informasjon henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2038 vil talet på folk i denne aldersgruppa ha auka med nesten 85 prosent. Gjemnes, Vestnes og Kristiansund kjem til å oppleve den største prosentvise auken.

– Dette blir ein krevjande situasjon både for kommunane og næringslivet, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

I same periode vil 13 kommunar i Møre og Romsdal få ein nedgang i folketalet. Vanylven kommune vil oppleve ein nedgang på 12,4 prosent, det vil seie 379 personar færre enn i dag, som vil vere den største nedgangen i fylket.

(©NPK)