Det har no gått to år sidan førre gong Ørsta Lions har selt den tradisjonsfulle Ørsta-kalenderen. I år er den tilbake.

– Den er etterlengta og byr på ei rekkje spanande og historiske blinkskot frå Ørsta, skriv Ørsta Lions i ei pressemelding.

Ørsta Lions samlar inn midlar til ulike formål og inntekta frå salet går i hovudsak til lokale tiltak. Nokre døme på slike lokale tiltak er klatreutstyr til Ørsta Ungdomsskule, kajakkar til Raudøya-Prosjektet, oppstart av Natteramn Ørsta, kvilebenkar i sentrum, TV og møblar til pårøranderom for Ørsta kommune og bidrag til trakkemaskin i Daleteigane.

– Det spesielle i år er at Sparebanken Møre er med på laget og er vår nye hovudsponsor. Dei har gjort det mogleg for oss å auke rammene for gåvemidlar ved å støtte kalenderen med heile 40.000. Ein historisk avtale, som set oss i stand til å auke gåver til gode formål i Ørsta. På denne måten kan fleire få glede av vårt arbeid. Vi er utruleg takksame for ei slik støtte, og vil velje å gi midlane vidare der det gi verknad for flest mogleg. At leiinga i Sparebanken Møre ser at vi i eit slikt samarbeid kan verte meir synlege i lokalsamfunnet, er raust, proaktivt og imponerande, skriv Ørsta Lions.

Målgruppa til Ørsta Lions er i hovudsak barn og unge, eldre og andre sårbare grupper, og Lions opplyser at publikum kjem til å bli inviterte til å kome med forslag om støtte til aktuelle og gode tiltak.

– Vi må også nemne at det er heile 40 andre bedrifter i Ørsta som også gir særs viktig støtte til arbeidet med kalenderen i år. Vi gleder oss til å arbeide vidare med sal av kalender og alle som kjøper årets Lions-kalender, støttar arbeidet vårt og aukar potensialet for bistand til ulike formål i Ørsta, står det i pressemeldinga frå Ørsta Lions.