Møre og Romsdal fylkeskommune innfører sju takstsoner for bussreiser i fylket, og denne endringa skjer onsdag 1. november.

Akkurat på den datoen vil det berre vere mogleg å kjøpe billettar om bord på bussane og på hurtigbåtane, ikkje i den nye FRAM-appen eller i nettbutikken, heiter det i ei pressemelding frå Fram.

Møre og Romsdal har hatt over 500 takstsoner for bussreise. No kan dei velje takstsone direkte.

– Så snart datasystema for ny sonestruktur er oppe og går, torsdag 2. november, vil det igjen vere mogleg å kjøpe billett i app og nettbutikk.

Ny sonestruktur gir og ein ny prismodell.

– Reiser du med enkeltbillett, betaler du for den eller dei sonene du er innom på reisa. Sonene blir langt større, og du vil kunne reise lenger med ein enkeltbillett i enn det du kan i dag. Mange reiser som går over fleire soner vil også bli rimelegare, seier Toril Karlsnes som er seksjonsleiar for marknad i FRAM i fylkeskommunen.