- Dette er ei samansett sak der fleire instansar er involverte. Slik eg les eposten frå Hjelle er dette i grenseland mellom ein privat epost og ein del av sakshandsaminga, noko også sakshandsamar påpeikar sjølv. Ordbruken ber preg av ein viss frustrasjon og burde vore moderert, noko vi også har følgt opp internt.

Det skriv rådmann Wenche Solheim i eit svar til Møre-Nytt i samband med saka der Yngve Dale har klaga Ørsta kommune inn for Fylkesmannen etter at han har motteke det han føler er ein trugande epost frå kommunen i samband med ei byggesak.

Korrespondansen Yngve Dale skildrar som trugande er sendt frå einingsleiar for bygg- og oppmålingsavdelinga, Kåre Hjelle, sin epostkonto i Ørsta kommune.

I eposten heiter det: «Sidan eg kjenner deg frå før er eg så fri å gi deg eit råd sjølv om det er uprofesjonelt av meg. Eg er ikkje på Facebook sjølv, men eg har lenge fått rapportar om at du er aktiv der. Eg har slett ikkje til hensikt å regulere din aktivitet, men gjer deg merksam på at Ørsta kom-mune har nesten 1000 tilsette med smått og stort som har sin familie og vennekrets, mange av desse på nettet. Eg er heilt sikker på at mange er einige med deg, men eg har og høyrt fleire som vert provosert over måten du omtalar deira arbeidsgjevar på. Dei viser til at dersom dei skal bruke pengar er det i området andre fullgode alternativ til din butikk", skriv Hjelle i eposten.

Hjelle sin reaksjon på Facebook, handlar om eit innlegg kona til Dale la ut, for å orientere om framdrifta på muren.

Yngve Dale er dagleg leiar av Dale Vindu og Interiør AS i Ivar Aasen-gata i Ørsta sentrum. Dale har enda opp i ein krangel med Ørsta kommune om plassering av ein støttemur på eigendomen sin, og kommunen har avslått ein dispensasjonssøknad frå Dale.

Rettar

Etter avslaget kontakta Dale kommunen for å få vite kva rettar han har for å få flytta ein kommunal drenskum som er plassert på tomta hans. I eposten til leiar av avdeling for bygg- og oppmålingsavdelinga i kommunen, skriv Dale:

«Hei. Eg fekk telefon frå Inge Kolås (red.merknad, leiar i Samfunnsutvalet i Ørsta kommune) no i kveld med beskjed om utfall av sakja. Eg er sjølvsagt skuffa. Eg ynskjer å verte orientert om mine rettar i høve å få fjerna drenskum som er på mi tomt, då eg ynskjer å bruke plassen til andre formål.»

Fleirtalet i Samfunnsutvalet meiner muren ligg for nær Håkonsgata, og vil ha han flytta ein halv meter inn på tomta for å hindre flaum i framtida.

"I lokalavisa kan eg lese at konklusjonen om å gi avslag er teken utfrå vurdering av framtidig flaumfare, etter orientering frå sakshandsamar Kåre Hjelle som på synfaringa sa han har lite greie på flaum. Etter mi vurdering har ikkje alle i Samfunnsutvalet sett seg godt nok inn i saka", skriv Dale m. a.

Regulert

Kåre Hjelle, byrjar sitt svar med å forklare at arealet mellom byggegrense og offentleg veg er regulert av plan- og bygningslova, slik at det i realiteten er byggeforbod i ei slik sone. Han forklarar vidare om kommunen sin rett til å ha drenskummen liggande dersom den er del av eit offentleg leidningsnett. Deretter kjem Hjelle med uttalen som Dale no har klaga inn for Fylkesmannen.

"At Ørsta kommune ved sakshandsamar Kåre Hjelle finn det tenleg for saka å gå til personangrep på meg som arbeidsgjevar, og å truge meg, i staden for å finne løysingar og yte sørvis, finn eg uprofesjonelt og uakseptabelt", skriv Yngve Dale.

Han ber Fylkesmannen kome med ei tilbakemelding om Hjelle si framferd i saka.