Kommunestyremedlem Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) ber ordføraren kome med informasjon om statlege forsøksordningar.

- Dei ulike departementa inviterer stadig vekk kommunane i landet til å ta del i ulike forsøksordningar. Mange av desse er svært gode, og tilfører kommunane både økonomiske midlar og kompetanse, skriv Frislid i ein interpellasjon til kommunestyret.

Han meiner det er eit problem at informasjonen om ordningane ikkje når ut før søknadsfristen er gått ut, og media skriv om kven som skal delta.

Frislid spør ordføraren om han meiner informasjonen om slike forsøksordningar er god nok, og ber om at kommunestyre vedtek at dei politiske utvala blir informert om kva ordningar kommunen er invitert til å delta i.