Det meiner advokat og eigedomsutviklar Jon Ketil Gjørtz.

Han er kjent med forholda i Ørsta sentrum og meiner det snarast må kome ei løysing slik at grunneigarane vert meir tilfreds med sakshandsaminga for bruksendring og utvikling av sentrumseigedomane deira, samtidig som at lovverket vert ivareteke. Ei rekkje private grunneigarar i sentrum er som kjent oppgidde over det dei meiner er særs firkanta praktisering av plan- og bygningslova, og at strenge vedtak påfører dei unødige kostnader. Advokat Jon Ketil Gjørtz meiner Ørsta kommune tolkar plan- og bygningslova for strengt.

– Plan – og bygningslova er ei god lov på den måten at ho opnar for gode skjøn hos sakshandsamarar. Og frå ein overordna ståstad kan lova tolkast strengt når eit tiltak ikkje er ønska. I Ørsta er problemet at lova vert tolka strengt sjølv når tiltak er ønska. Ein får difor heller ei problemorientert, og ikkje løysingsorientert, tilnærming til å nå dei overordna positive målsetjingane, meiner Gjørtz. Han seier at rota til problemet ligg hos innstillinga til sakshandsamar.

– Men ansvaret for å løyse det er overordna. Sagt på ein annan måte: i Ørsta kommune har dei eit par lause kanonar. Men det verkar som at leiinga manglar verktøy til å feste dei, seier Jon Ketil Gjørtz.

Han meiner det vert stilt for strenge krav til dei gamle sentrumsbygningane.

– Kva meinte kommunen med omgrepet «forretning» då reguleringsplanen for sentrum vart vedteken for mange år sidan? I dag betyr forretning sal av varer over disk, men det er ikkje sikkert dei meinte dette på 60-talet. Når det må søkjast dispensasjon for alt anna enn varehandel, vert det krevjande for grunneigarane. Og då kan kommunen, viss dei absolutt ønskjer det, stille krav om t.d. handikaptoalett, parkeringsplassar og ny ventilasjon, noko som kan verte svært kostbart for grunneigaren som vil satse, forklarar Gjørtz.

Råd

Han har følgjande råd til sakshandsamarar i kommunen:

– Fram til ny reguleringsplan ligg føre, må ein slutte å tolke plan- og bygningslova så strengt og lite fleksibelt som kommunen i dag gjer.