Politet fekk laurdag ettermiddag melding om eit køyretøy i Ulstein kommune som mogleg ikkje var trafikksikkert.

Politiet opplyste klokka 13.51 at dei hadde stoppa ein traktor på Fv 653 i Ørsta. Hengaren som traktoren køyrde med oppfylte ikkje krava og vart parkert på staden.

– Det blir oppretta sak på forholdet, opplyser politiet.