«Det er svært viktig å få til byggeklare tomter for å få nye innbyggjarar til bygda og kunne få til eit levande bygdesamfunn. Dette har vore ei sak i utruleg mange år no, og vi ynskjer fortgang i saka», skriv grendelaget i eposten.

Laget minner om at Aam og Kristiansen på eit informasjonsmøte i juli 2021 sa at ein «aldri har vore så nær oppstart av prosjektet» før – og at ein truleg kunne starte opp i 2022.

«No er vi komne eitt år fram i tid, og vi ynskjer ei utgreiing korleis saka ligg og kva som vert jobba med frå kommunen si side. Vi ynskjer ei skriftleg tilbakemelding eller eventuelt eit nytt møte mellom oss i bygda og representantar frå kommunen», skriv leiar Anne-Mette Sætre på vegner av Liadal grendalag.

Som også lurer på korleis det går med utbetringa av vegen i Rindane, sidan reguleringsplanen der har vore ferdig lenge.