Ørsta kommune arrangerer bustadmesse på Ørsta kulturhus 26. oktober.

Det skriv kommunen på si heimeside, der dei også fortel at arrangementet er er gratis og ope for alle interesserte.

Undersøkingar syner at folk flest ønskjer å bu i eigen heim så lenge som mogleg. Kva kan ein gjere for å få til det? Bør ein gjere tilpassingar i bustaden, eller velje å kjøpe eller leige ein meir eigna bustad?Dette er viktige spørsmål for alle innbyggarar i kommunen uavhengig av alder og livsfase.

På messa vil det vere informasjon om praktiske tilretteleggingar av bustaden, kva som er viktig å vektlegge ved val av ny bustad, erfaringar med ulike butilbod i Ålesund kommune, råd om lån og tilskot, og informasjon om byggeprosjekt i Ørsta. Programmet for bustadmessa vert variert og vil veksle mellom informasjon frå scena og moglegheit for å besøke utstillingar, skriv kommunen.