Førre veke kom det 4,4 TWh tilsig, medan det neste veke er venta å komme 7,3 TWh, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat ( NVE ).

I Midt-Noreg (NO3) auka magasinfyllinga frå eit historisk minimum på 11,5 prosent til 15,3 prosent. Det er framleis 14 prosentpoeng under gjennomsnittet, ifølgje NVE. I det sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) auka fyllingsgrada med 2,8 prosentpoeng til 29,7 og ligg 5,7 prosentpoeng under medianen.

Varmare vêr bidrog førre veke til mindre etterspurnad etter kraft i Norden. I Noreg gjekk kraftforbruket ned 10 prosent samanlikna med veka før. I Aust-Noreg (NO1), der temperaturen var relativt høg i slutten av veka gjekk kraftforbruket ned med 15 prosent samanlikna med veka før.

Gjennomsnittsprisen i det sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) har falle til ein snittpris på under 90 øre per kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var gjennomsnittsprisane på høvesvis 32,6 øre per kWh og 37,3 øre per kWh.

(©NPK)