Det er lite håp om forlik mellom Ørsta og Volda kommunar i Bjørke-saka, trur Carl Petter Martinsen, som er leiar i overskjønsnemnda som skal «dømme» i saka.

Grensejusteringa førte til at Ørsta miste Tussa kraftverk og store inntekter, noko dei vil ha erstatning for av Volda. Faktisk langt over hundre millionar, - medan Volda meiner dei ikkje er erstatningspliktige overfor Ørsta.

Ei skjønsnemnd vedtok i februar at Volda som økonomisk oppgjer skal betale Ørsta 44 millionar. Men dette klaga både Ørsta og Volda på, og dermed vart ei såkalla «overskjønsnemnd» nedsett.

No nyleg møtte leiar i overskjønsnemnda Ørsta og Volda sine advokatar, og i møtereferatet skriv Martinsen:

«Partene opplyste at det for øyeblikket fremstår som lite aktuelt med en omforent løsning mellom partene».

Han oppmodar partane om å ha dialog fram til den endelege overskjønnsforhandlinga, som vert halden i Ørsta den 27. og 28. oktober.

Overskjønnsnemnda vil i tillegg til leiar Martinsen bestå av rådmann i Alta, Bjørn-Atle Hansen, og tidlegare rådmann i Eigersund, no partner i Karabin AS, Gro Anita Trøan.

Saksførebuingane må vere ferdige tre veker før overskjønnsbehandlinga, minner Martinsen om.