Tilbodet vert kalla Sterk og stødig, og er styrke- og balansetrening for seniorar. Dette førebyggande treningstilbodet er forankra som eit frisklivstilbod der fleire frå eininga ergo, fysio og friskliv bidreg med tanke på organisering og fagleg ansvar. Instruktørane er seniorar som har gått kurs for å kunne instruere øvingane og gi eit trygt og kjekt tilbod. Etter treningane er det sosial samling.

Målgruppa for denne treninga er heimebuande eldre som klarar seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen, skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Sterk og stødig er for deg som:

Føler deg ustø i enkelte situasjonar Kjenner at gangfunksjonen ikkje er som før Kan gå innandørs utan rullator eller krykker.

Sterk og stødig sentrum – Oppstart tysdag 26. april

Treninga vert i Røde Kors sine lokalar i Strandgata 21, tysdagar kl. 11.00 og kl. 12.00, og går parallelt med «Kosekroken» som Røde Kors omsorg har ansvar for. Dette er eit ope tilbod for alle og påmelding er ikkje naudsynt. Det kan bli plassbegrensing på sterk og stødig gruppa, men det er moglegheit for å køyre to grupper etter kvarandre.

Sterk og stødig Sæbø – Oppstart torsdag 5. mai

Treningar vert i Bondalen Grandahus, kl. 11.00. Det er naudsynt med påmelding. Vi vil ha namn, telefonnummer og vi vil gjerne vite det om du køyrer bil og i det tilfelle, kvar du bur.

Sterk og stødig Vartdal – Oppstart torsdag 9. juni

Treningar vert i gymsale ved Vartdal skule, kl 13.30. Meir informasjon kjem. Det er naudsynt med påmelding. Vi vil ha namn, telefonnummer og vi vil gjerne vite det om du køyrer bil og i det tilfelle, kvar du bur, skriv kommunen.