– Tidleg kontakt med den som er sakna eller treng hjelp, kan vere livreddande, seier Pål Kullerund, sjef for redningshelikoptertenesta i Luftforsvaret si avdeling på Sola, til NRK.

Det nye redningshelikopteret Sar Queen skal overta for Sea King-helikopteret, og kan ved hjelp av nye system og teknologiar søke opp mobiltelefonar uavhengig av teledekning.

Rask lokalisering kan òg vere til hjelp for andre hjelperessursar.

– Slik teknologi kan bidra til meir effektive oppdrag, sjølv om helikopteret ikkje klarer å ta seg heilt fram. Med nøyaktig posisjon kan hjelpekorpset på bakken reise direkte til posisjonen, seier Jarle Bjørge Øverland, nestleiar i landsrådet i Røde Kors Hjelpekorps.

(©NPK)