Det seier kyrkjeverje Jørn Velle for kyrkjene i Ørsta.

Han er vel vitande om at straumrekninga for Fellesrådet for kyrkjene i Ørsta kan verte svært høg. Det er fellesrådet som har ansvaret for drifta av dei tre kyrkjene.

Kyrkjebygningane er krevjande å halde varme. Sjølve kyrkjeromma er svært store, og dei gamle bygningane er ikkje isolerte slik bygningar vert i dag.

– Vi må tenkje på fleire ting i samband med at kraftprisane går opp. Vi har eit ansvar for å ta vare på bygningane. Då kan vi ikkje t.d. få frostskadar fordi vassleidningar frys til. Difor er det viktig å halde på varmen på dei romma der er vatn, som toalett og kjøkken, fortel Velle.

Vidare handlar det om publikum, altså kyrkjegjengarane.

– Vi er inne i ei tid med stor aktivitet i kyrkjene. Det er mange konsertar og kyrkjelege handlingar elles. Vi gjer alt vi kan for å drifte som normalt, seier Velle.

Det eksisterer ei straumstøtteordninga for kyrkjene, men ho gjeld ikkje for prisområdet Ørsta er i.

– Vi skrur ned varmen når kyrkjene ikkje er i bruk. Likevel må vi passe på at det ikkje vert frost, seier Velle.