Tine sine salsinntekter auka med 6,6 prosent frå 2022 til 2023 og enda på 26,5 milliardar kroner, går det fram av Tines årsrapport , som vart lagt fram onsdag.

Årsresultatet etter skatt enda på godt og vel 1,2 milliardar kroner.

Delar av overskotet blir no senda tilbake til bøndene. Dei får 77,3 øre per liter mjølk dei har levert.

– Må styrka økonomien

Tines retningslinjer opnar for at mellom 50 og 85 prosent av overskotet til konsernet kan delast ut til dei 8000 mjølkebøndene som eig selskapet. I år foreslår styret maksimal utbetaling, 85 prosent av overskotet, til eigarane, ifølgje Nationen.

– Dette bidreg til at me mjølkebønder kan halda fram med å produsera sunn, naturleg og trygg mat til befolkninga i Noreg. Med krig og krise i verda forstår fleire kor viktig det er med norsk matproduksjon i heile landet. Då er det avgjerande å styrka mjølkebonden sin økonomi framover, seier styreleiar Marit Haugen i ei pressemelding frå Tine.

Det norske forbruket av mjølk held fram med å falle, men det fell mindre enn venta, skriv Tine.

– Vondt å importere

Tine tok imot snautt 1,29 millionar liter kumjølk i fjor, noko som er ein nedgang frå 1,35 millionar liter året før. Tine har fått kritikk fordi det har vorte produsert mindre mjølk enn det marknaden treng. Samvirket har ansvaret for marknadsreguleringa og skal dermed sikra at det er ein balanse mellom behovet i marknaden og mengda som blir produsert. I vinter har Tine måtta importera mjølk for å dekka behovet.

– For alle oss som set stoltheita vår i å produsere norsk mat på norske ressursar, er det få ting som smertar oss meir enn når det må tyast til import for å dekka eit mjølkeunderskot. Det hjelper ikkje at det dreier seg om 1 prosent. Det er ein vond prosent, skriv Haugen.

Ifølgje styreleiaren kjem av mjølkemangelen større etterspurnad enn Tine hadde rekna med, for lite og for dårleg fôr og at bøndene ikkje har økonomi til å produsere meir.

– Uansett må me vera i stand til å handtera større svingingar i marknaden framover på ein meir føreseieleg måte, skriv ho og trekker fram auka pris på mjølk som ei løysing.

(©NPK)