Påska markerte slutten for Stikk UT!-vinter, og i Ørsta vart det fleire fotturmål enn i fjor og ein del færre skiturar registrert.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

I Møre og Romsdal deltok omlag 10 000 turgåarar på Stikk UT! Vinter i år, og nesten 150 000 turar vart registrert. I Ørsta deltok 189 turgåarar som registrerte 5413 turmål.

Heile 43 000 skiturar vart registrert i Møre og Romsdal gjennom vintersesongen – og det er ny rekord!

Det vart registrert om lag 20 000 færre turar i år enn i rekordåret 2022, men friluftsråda er godt fornøgde med deltakinga. Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre friluftsråd, som saman med alle medlemskommunane står bak Stikk UT!. Målet at fleire kjem seg ut og får oppleve gleda av å vere i aktivitet ute.

Dei om lag 520 turmåla til sommarens Stikk UT! opnar 1. mai. Du kan allereie sjå turmåla på stikkut.no.