34 personar omkom på sjøen i samband med bruk av fritidsbåt i fjor, ifølgje tal frå Sjøfartsdirektoratet. Det er ein auke frå året før, og over halvparten av dei omkomne var menn over 60 år.

Ofte er mangel på bruk av flytevest i kombinasjon med promille involvert i dødsulykkene, skriv Redningsselskapet, Sjøfartsdirektoratet og Kystverket i ei pressemelding.

– Det er viktig at alle er klar over risikoen ved å ikkje tenke sikkerheit på sjøen. Flytevest kan bety forskjell på liv og død i ei ulykke, og det er lov å oppfordre andre til å hugse vesten på ein hyggeleg måte. Når det gjeld alkohol meiner vi det er like naturleg for ein båtførar å vere heilt edru som for ein bilførar, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide ber folk ta meir ansvar for eiga og andre si sikkerheit. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Stadig fleire brukar sjøen, og i fjor hadde Redningsselskapet over 4400 oppdrag gjennom sommarhalvåret. Sjøfartsdirektoratet har no gått saman med Kystverket og Redningsselskapet om ein kampanje for å redusere talet på ulykker og omkomne på sjøen.

(©NPK)