E-postane som har dukka opp den siste tida, gir seg ut for å komme frå skattedirektør Nina Schanke Funnemark og hevdar mottakaren skal få skatterefusjon.

Denne typen svindelforsøk blir oppdaga jamleg gjennom året, og det er viktig å vere på vakt mot slike, heiter det i ei pressemelding.

– Vi sender ikkje ut slike e-postar uoppmoda, seier tryggingsdirektør Ragna Fossen i Skatteetaten.

(©NPK)