Naudvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut slike varsel.

Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko. Nødvarselet som blir sendt ut er "VIKTIG MELDING".

For å fange merksemda di vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel skal du lese varselet og følgje rådet. Med mindre det er ein test, som tilfellet er i morgon.

Fleire andre europeiske land har god erfaring med å bruke denne teknologien for å varsle innbyggarane sine om alvorlege farar som for eksempel flaum, terroråtak og utslepp av kjemikal. Nødvarsel på mobil kan hjelpe til å redde liv og helse også her i Noreg.

Naudvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar som med høg lyd gjev signal om at du må oppsøkje informasjon. Under ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som for eksempel på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

Du kan lese meir på Nødvarsel.no