Ørsta kommune inviterer til temamøte om nye Velle skule på Ørsta kulturhus 16. april.

Det fortel Ørsta kommune på sine heimesider.

– Vi vil presentere ulike sider ved prosessen, vise bilete og fortelje om planane framover for nye Velle skule, skriv kommunen.

Til hausten står nytt, stort skulebygg ferdig ved Velle skule. Bygget skal huse elevar på 5.–7. trinn for Velle og Vikemarka skule. Dette involverer 280 elevar og nær dobbelt så mange foreldre. Ein lang planleggings- og byggeprosess er snart ferdig.

Temamøtet er ope for alle. Foreldra er spesielt inviterte, men andre interesserte er også velkomne.

Til stades vil vere kommunalsjef oppvekst, prosjektleiar, rektorane ved dei to skulane, og andre involverte.