«Arbeidet med ny og opplyst gangveg frå Ørstahallen til Velle skule er no i gong», skriv Ørsta kommune på heimesidene sine.

Dei informerer om at det vert etablert ny utvida parkeringsplass og droppsone mellom Ørsta vidaregåande skule og fleirbrukshallen, og at dei nye parkeringsplassane skal erstatte dei plassane som vert fjerna av droppsona.

Ifølge Ørsta kommune er det no full fart på anleggsarbeidet mens det er godt vêr, og målet er å få ferdig asfalteringa før vinteren.

«I anleggsperioden må gåande og syklande losast rundt og får litt lengre veg, men dette skal bli bra!» skriv dei.