– Viss det ikkje vert gjort særskilde tiltak, investeringsplanen vert følgt, og det ikkje vert gjort noko på driftssida, vil kommunen i 2023 ha eit driftsunderskot på mellom førti og femti millionar kroner. Dette må no alle parti ta innover seg, seier Sørheim til Møre-Nytt.

Sørheim meiner at kommunen no tek på seg så mykje gjeld at det vert vanskeleg å meistre renter og avdrag. I alle fall når driftsutgiftene aukar meir enn driftsinntektene, og dessutan at Bjørke-overgangen til Volda vil medføre tap av fleire millionar kroner i driftsinntekter.

Ber om forklaring

No tek han saka opp med ordføraren og kommunestyret gjennom ein interpellasjon. Sørheim vil ha ei forklaring på korleis reknestykket vil gå opp.

Sørheim viser til at kommunestyret før ferien handsama investeringsplanen for 2019 til 2029.

– Investeringsplanen er langt på veg ei politisk ønskjeliste og øvst står no ny symjehall, medan skulebygga er flytta ut i tid. Utfordringa med investeringsplanen vil først vere synleg når investeringane skal inn i budsjettet, og det er liten tvil om at ei aukande gjeldsbelastninga vil vere svært krevjande for drifta av Ørsta kommune, seier Sørheim.

Han viser til at Ørsta Høgre lenge har stilt spørsmål om der er ein plan for korleis ein skal betale den aukande lånegjelda.

Sørheim peikar på at sidan kommunevalet i 2015 har Ørsta kommune stadig fått ein dårlegare resultatgrad. I Ørsta var resultatgraden på 4,3 prosent i 2015, og han var på 1,2 prosent i 2017. I Volda var resultatgraden i fjor på 4,6 prosent, og snittet for norske kommunar var 3,7 prosent.

– Årsaka er at frå 2015 til 2017 har driftskostnadane i Ørsta auka med 29 millionar kroner meir enn driftsinntektene. Det betyr at Ørsta kommune ikkje lenger har eit økonomisk handlingsrom til å takle ei raskt stigande lånegjeld samtidig som driftskostnadene aukar, forklarar Sørheim.

Det vert verre

Og det vil berre verte verre, ifølgje Sørheim. Han peikar på at investeringsplanen legg opp til ein auke i lånegjelda frå om lag 700 millionar kroner no til 1,2 milliardar kroner om få år.

– Det betyr auka årlege lånekostnader. Noko av dette kan vi hente inn att i form av meir effektiv drift, men korrigert for det så har rådmannen berekna at vi i 2023 har auka dei årlege lånekostnadane på nye lån med 35 millionar kroner.

Det stoppar ikkje der, for etter at kommunalministeren vedtok å flytte krinsane Bjørke og Viddal over til nye Volda kommune, vil Ørsta kommune få redusert driftsinntektene, og dette var ikkje med i berekningane i investeringsplanen.

– Dersom vi legg til grunn rapporten som Ørsta kommune sjølve sende til kommunaldepartementet, vil grensejusteringa medføre eit brutto inntektstap på 14 til 18 millionar kroner frå 2020, seier Sørheim.

I tillegg kjem at lånegjeld gjer kommunen meir sårbare for auka rentekostnadar.

– Sentralbanksjefen var nyleg ute og meinte at renta ville stige med om lag 1,5 prosent i løpet av nokre år. Det betyr ein auke på om lag 12 millionar kroner for eksisterande lån.

Nok «skrytelister»

Han utfordrar fleirtalskonstellasjonen med Sp, Ap og Frp til å forklare overfor kommunestyret og innbyggjarane i Ørsta korleis dette økonomiske puslespelet skal henge i hop.

– Vi treng ikkje nok ein gong å få ei «skryteliste» over alt som er bygt og skal byggast, men ei enkel og nøktern forklaring på korleis innbyggarane i Ørsta skal betale for dette. Er det auka eigedomsskatt eller kutt i kommunale tenester?, Spør Sørheim.

Han og Høgre meiner svaret må vere ei meir effektiv drift, og samstundes dempe investeringslysta monaleg.

Etter at Bjørke vert overført til nye Volda i 2020, vert det håpa på ein kompensasjon frå regjeringa. Sørheim er ikkje særleg optimistisk.

– Eg veit ikkje kva regjeringa tenkjer om å auke rammeoverføringane, men eg tvilar på at ei regjering som er oppteken av ein meir effektiv kommunesektor, vil stimulere dei kommunane som ikkje vil vere med, seier Sørheim.

Han meiner ei kommunesamanslåing med Volda vil gjere kommunen meir effektiv, og slik sett få redusert kostnadene.

– Og trass i at Ørsta vil ha høg lånegjeld, vil kommunen vere attraktiv som ein samanslåingspartnar. Her er det kjøtvekta som tel. Volda kommune har behov for å verte sterkare, og forsvare den store offentlege sektoren som kommunen baserer seg på.