Meteorologisk institutt melder at det kan gå mot tørkerekord for september månad lokalt. På den offisielle målestasjonen på Sæbø er det i september så langt målt 41,4 mm nedbør. Den september-månaden det til no det er målt minst nedbør, var i 1996. Då vart det målt 47,8 mm nedbør. Det har vore målingar på Sæbø sidan 1972.

Meteorologane trur det vert rekord, for så langt dei kan sjå, ser dei ikkje versystem som kan kome med regn denne månaden. Dei trur det kan verte rekordar både på Andøya, i Verdal, i Bodø og på Sæbø.

Heller ikkje Endre Standal trur det vert meir nedbør denne månaden. På Facebook skriv han at neppe trur det kjem nedbør før etter dei dagane langtidsvarselet varslar om onsdag. Det vil seie til og med fredag 6. oktober.

Ved den offisielle målestasjonen på flyplassen vart det måndag og tysdag målt over 20 grader. Også i fjor var det høge temperaturar i slutten av september, viser den offisielle statistikken.