Voldingen Jonas Otneim er tilsett i fast stilling som journalist i Møre-Nytt.

– Eg er veldig glad for å få høve til å lage saker frå Ørsta og Volda. Dette er to kommunar med mykje interessant å skrive om. Eg likar å snakke med folk og er ein ivrig fotograf, fortel Otneim.

26-åringen har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Otneim har også studert dokumentarfotografi og norsk.

I tillegg til å vere journalist i Møre-Nytt studerer Otneim til master i journalistikk og dokumentar på Høgskulen i Volda.

Han er gift med Jannicke Berkvik Otneim.

På fritida likar Jonas Otneim å lage mat, å drive med planter, lese bøker og spele spel.