Halvparten av sjukeheimsbebuarar seier i ei spørjeundersøking i regi av Røde Kors at dei sjølv har opplevd eller vore vitne til forsømming eller vald på sjukeheimen dei bur på, skriv VG.

I alt 190 bebuarar fordelte på 30 sjukeheimar i 11 kommunar har delteke i undersøkinga. Det same har 195 besøksvenner, som jamleg er innom sjukeheimane.

Valden bebuarar beskriv i undersøkinga er: slag, biting, sparking, lugging, kvelingsforsøk, risting og brenning. Bebuarane beskriv også det som i sluttrapporten blir definert som psykisk vald: audmjuking, mobbing, kjefting, trakassering og rasisme.

Generalsekretær Anne Bergh i Røde Kors kallar biletet for dystert. Ho opplyser at dei ikkje har samla inn informasjon om kven valdsutøvarane er.

– Tidlegare forsking tyder på at det er bebuarane sjølv som oftast står bak fysisk vald og aggresjon, medan psykisk vald og aggresjon i større grad blir utøvd av tilsette og pårørande, seier Bergh.

Det bur omtrent 38 000 personar på sjukeheimar i Noreg. Tre av fire er over 80 år.

(©NPK)