Overfor NRK fortel Avinor at flyplassen vil vere stengt i to timar.

Dette kan få følgjer for avgangane frå Ørsta - Volda lufthamn til Oslo.

Avgangen frå Hovden til Oslo, som skulle vere kl. 13.15, var forseinka. Flyet gjekk 13.40, ifølgje Widerøe si heimeside. Kl. 14.25 gjekk det fram av Flight radar at flyet hadde snudd i lufta over fjellheimen. Flyet returnerte til Hovden.

Flyet frå Oslo som skulle lande på Hovden kl. 15.55 er innstilt.

Det er vidare ein planlagt avgang kl. 16.15.

Avinor held Oslo lufthamn stengt i alle fall til 15.30.

* * *

Kl. 15.30 opna Oslo lufthamn igjen.