Riksteateret kjem til Ørsta kulturhus fredag med framsyninga "Dans for barn. Juryen" av Hege Haagenrud.
Spørsmålet som vert stilt er: Kva skjer når barna får bestemme?To dansarar dansar til vakker musikk og blir avbrotne av barnestemmer som seier: ”Kva er det de gjer?” ”Vi skjønnar ingenting.” Barna i videoen stansar framsyninga og seier: ”Sidan vi er barn og dette skal vere ei barneframsyning, må vi få vere med på å bestemme kva ho skal handle om.” Herifrå må dansarane gjere som barna seier.
Klarer dei å lage den optimale framsyninga?
Riksteateret lovar ei underhaldande framsyning for både barn og vaksne.
- Og barna er kanskje dei som ler mest og høgast, trur dei.
”Juryen tar barnas parti, men får dem også til å tenke over hva de ønsker seg av en forestilling og hva som gjør en forestilling god.”NRK
Framsyninga passar for barn frå 6 år og varer i 35 minutt.