Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) vart imponert over det ho fekk sjå i Vik Ørsta sine lokale i Torvmyra i Hovdebygda torsdag føremiddag. Bedrifta fyller 70 år i år, og har ikkje gått med underskot eit einaste år. Bedrifta omset i dag for over 600 millionar kroner i året. Budsjettet for 2017 er på 670 millionar kroner.

– Det er imponerande, men det har ikkje skjedd av seg sjølv. Vi har sett korleis dei har jobba utruleg godt med forsking, innovasjon og produktutvikling. I tillegg har dei satsa på automatisering av produksjonen. Det er bra av to årsaker: For det første held det kostnadene nede og gjer bedrifta meir konkurransedyktig. For det andre gjer automatiseringa produksjonen tryggare for dei tilsette. Eg kan levande førestille meg korleis det har vore i produksjonslokala her tidlegare med tunge løft, skadepotensial og slitasje. Automatiseringa tek ned sjukefråværet og talet på yrkesskadar. Vi bør ikkje ønske oss tilbake til slik arbeidstilhøva som var i denne typen industri tidlegare, kommenterte Hauglie til Møre-Nytt etter besøket.

Vik Ørsta har hatt ei svært god utvikling på tal på HMS-hendingar dei siste åra. Frå rundt 30 i 2013 til rundt fire i 2016, forklarte administrerande direktør Kjetil Nesset.

Skal sende ein takk

På spørsmål frå Møre-Nytt fortalde Hauglie at ho slett ikkje var klar over at så mange av lysmastene og rekkverka langs vegane er produserte i Ørsta.

– Eg skal sende Vik Ørsta ein stor takk når eg køyrer langs vegane, for eg har heller ikkje tenkt over den teknologien som ligg i til dømes ei lysmast. At lysmasta er forskjellig konstruert, avhengig av om ho står i nærleiken av ein gangveg eller ein motorveg.

– Har du trua på at denne typen industri kan overleve i Noreg i framtida?

– Ja, heilt openbert. Det Noreg er gode på, er teknologiutvikling, tilgangen på gode fagarbeidarar, høg kvalitet på produkta og miljøomsynet. Denne bedrifta er eit bevis på at det er grunnlag for denne typen industri i Noreg. Ho har jo trass alt gått med overskot i 70 år.

Automatisering er positivt

Ho ser på automatiseringa som ei positiv utvikling, ikkje ei negativ trend som fjernar arbeidsplassar, og meiner det må til både av omsyn til konkurransekraft og tryggleik.

– Automatiseringa gir jo også arbeidsplassar, og skapar behov for kompetanse her i landet. Men folk får sjølvsagt andre typar oppgåver når vi går frå at det er menneske som gjer jobben til at menneske overvakar robotar som gjer jobben.

I Kantina: Anniken Hauglie møtte Vik Ørsta-tilsette i kantina til fabrikken i Torvmyra. Foto: Marius Myklebust
Engasjert: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie var engasjert under besøket på Vik Ørsta, og stilte mange spørsmål. Foto: Marius Myklebust