Det var meldinga frå rådmann Wenche Solheim då formannskapet diskuterte arbeidet med økonomiplanen for 2018–2021 i møtet tysdag. Dette var eit arbeidsmøte, og det vart ikkje gjort nokon vedtak om økonomiplanen.

Kommunen har store investeringar både bak seg og framfor seg. Dei største prosjekta er nytt legesenter og ny fleirbrukshall, men mindre prosjekt krev også finansiering. Ikkje minst gjeld dette bygningsmassen i ørstaskulen, men også ei lang rekke andre prosjekt.

– Vi driv også med mykje usynleg arbeid som får lite merksemd, men som staten forventar at vi gjer, sa rådmannen.

– Vi har formidable investeringar både bak oss og framfor oss, og no må vi syte for at vi tek steg for steg, og ikkje kjem ut og køyre, meinte ordførar Stein Aam (Sp).

Låneopptak

Det er planlagt store låneopptak i åra som kjem for å finansiere investeringane. I 2018 skal det lånast om lag 204 mill. kroner. I 2019 og 2020 er tala om lag 106 mill. kroner og 69 mill. kroner.

Det skal betalast renter og avdrag på låna, og det får konsekvensar for driftsbudsjettet til kommunen. Låneopptaka fører til 18.740.000 kroner meir i driftsutgifter i 2021 samanlikna med 2017.

Ørsta kommune har hatt eigedomsskatt sidan 2013. Skatten er på to promille av verdien til eigedommen, den lågaste tilgjengelege satsen. Då skatten vart innført, var Ørsta på Robek – «svartelista» over kommunar under statleg administrasjon. For å ha handlingsrom og få budsjetta til å gå opp, har kommunestyret halde på eigedomsskatten også etter utmeldinga frå Robek. Kommunen krev i dag inn om lag 19 mill. kroner i året i eigedomsskatt.

Rådmannen er no klar på at kommunen går ei endå trongare framtid i møte om inntektene frå eigedomsskatt blir fjerna.

Skule

Det er særleg situasjonen i bygningsmassen til skulane i Ørsta som er kritisk, og har stort behov for investeringar. Dette gjeld særleg sentrumsskulane.

– I nærområdet til Vikemarka skule eksploderer no salet av hus, og det same gjer tilgangen på skuleelevar. Elevtalet var for få år sidan 238, hausten 2017 vere 303 og hausten 2019 viser tala 330 elevar, skriv Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule, i ei utgreiing til formannskapet.

Også ved Velle skule aukar elevtalet, ikkje minst på grunn av bustadbygginga på Øvre Mo.

– Situasjonen i skulebygga til Velle og Vikemarka var akutt alt i 2016, då seksjonane eigedom og skule la fram ei felles prioriteringsliste med akutte tiltak, skriv Driveklepp.

Situasjonen vil ifølge henne vere uforsvarleg to år fram i tid dersom ikkje noko blir gjort.

– Dersom ikkje noko skjer omgåande, må andre lokale finnast til nokre av klassane. Det vil ikkje vere nok plass på skuleområda til nok paviljongar.

På Vikemarka er det i tillegg eit problem at det er forbod mot å utvide skulen før fonnvernet på Vallabøen er på plass. Det er likevel høve til å bygge grupperom og garderobar, då dette ikkje er rekna som tiltak som utvidar kapasiteten til skulen.

Då politikarane fekk i oppgåve å diskutere kva dei meinte er dei viktigaste tinga kommunen må prioritere, trekte dei fleste fram nettopp situasjonen i skulen. Fonnsikringa på Vallabøen vart også løfta fram, saman med mellom anna ny veg i Smådalane (slik at problemet med gjennomkøyring i Osgeila forsvinn).

Minimumsavdrag

Økonomileiar Jan Inge Bueide orienterte politikarane om at kommunen med dagens budsjettering skyv økonomiske byrder framfor seg. Det blir i dag i stor grad betalt minimumsavdrag på lån (altså det minste lovlege avdraget), og det fører til at avdraga er lågare enn avskrivingane på verdien til eignelutane. I rekneskapen for 2016 vart det betalt 9.7 mill. kroner mindre i avdrag enn det som vart gjort av avskrivingar. I teorien bør avskrivingar og avdrag vere om lag like store. – No skyv vi problemet framfor oss, og kanskje til ein dag då renta er høgare enn i dag, sa Bueide til formannskapet.

Les meir i Møre-Nytt tysdag