Ein person må hentast ned frå Seljesethornet i Volda kommune laurdag.

Det melde Politiet i Møre og Romsdal på X/Twitter klokka 15.10.

– Skade i ein fot. Noko utfordrande vêrforhold gjer at vedkomande ikkje kan hentast ned frå fjellet med helikopter. Røde Kors blir sendt fram for å hente ned den skadde, skriv politiet.

Klokka 16.55 opplyste politiet at den skadde var henta ned frå fjellet.

– Blir tatt hand om av helse. Politiet takkar alle som har delteke i dennne aksjonen.