Foto: privat

På midten av 90-talet forsegla ei 9 år gammal jente eit brev i ei flaske og sende den ned Bondalselva frå Kvistadbrua.

Foto: Jonas Otneim

No, nesten 30 år seinare, vart flaskeposten funnen av ein ung frivillig som rydda fjøra. Men det er ikkje første gongen avsendaren har sendt ut ein flaskepost og fått svar.

Den unge jenta var Ida Marie Kvistad. I dag er ho vaksen og vernepleiar på Bakk-Ola-marka. Søndag fekk ho ei uventa og spesiell melding på telefonen.