Laurdag 10. juni vert Kystens dag feira i Volda. Det vert klinkbåtar, festspelfrukost, Voldamarknad og storbandparade.

Bjørkedal kystlag, Høgskulen i Volda, Aasentunet og Volda kommune har gått saman om ei rekke arrangement i Volda sentrum denne dagen.

Det fortel arrangørane i ei pressemelding.

Møringsbåten

Hovudidéen til arrangementet var å kople saman båtprosjektet «Skjerven» med Voldamarknaden for å skape aktivitet i Volda sentrum. Båtprosjektet «Skjerven» er eit samarbeid mellom Volda kommune, Bjørkedal kystlag og Høgskulen i Volda der møringsbåten Skjerven spelar hovudrolla. Denne båttypen vart lansert av Sivert Halkjelsvik (Skjerva-Sivert) i 1869, og vert rekna for å vere sjølve Voldabåten.

Kystens dag

Laurdag 10. juni er også ein del av den nasjonale markeringa av Kystens dag som har som mål for dagen å setje eit positivt fokus på kysten, kystkultur og kystnæringa, fiskeri- og havbruk, sjøtransport, hamner og farleier, sjømat, forsking og forvaltning. Bjørkedal kystlag har invitert fleire trebåtar til Volda denne dagen og ynskjer å få med så mange som mogleg på å skape aktivitet i og rundt hamna i Volda sentrum.

Voldamarknad og festspel

Trivsel i sentrum har tidlegare arrangert Voldamarknad på Sivert Aarflot-plassen, der alle vert inviterte til å bli med både som utstillarar og som publikum. I år, som i fjor, vert marknaden ein møtestad for kjøp og sal av lokale varer: handverk, husflid, lokalprodusert mat, gjenbruk og mykje meir. Aasentunet har dei årlege Festspela same veka og det blir «Festsprell» for born med mellom anna minikonsert med felles song og dans med artist Line Dybedal.

Storbandtreff

Det kjem storband frå heile fylket til Volda denne dagen, og dei vil bidra med storbandparade og konsert.