– Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit anslår at 75 til 80 prosent av befolkninga har mobiltelefon med støtte for naudvarselet, seier seniorrådgivar Kristine E. Utheim i DSB til nettstaden kode24.

Dermed kan så mange som kvar fjerde nordmann ha problem med å få varselet på telefonen sin.

Naudvarslinga på mobil vart testa onsdag 14. juni.

– Eitt av måla med å teste nasjonalt var å gjere befolkninga kjende med naudvarselet. Vi håpar no at mange tek ein ekstra titt på mobilen sin for å sjå om dei treng å installere ei oppdatering for å vere sikre på å kunne få varsel i framtida, seier Utheim.

Ifølgje ein gjennomgang frå kode24 kan opp mot 35 prosent av norske iphone-brukarar og heile 61 prosent av Android-brukarar ha for gamle operativsystem til å kunne få varselet på mobilen.

Nettstaden viser til statistikk frå webanalytikarsida statcounter.com.

Tala er frå mai og inkluderer Android-nettbrett og iPad-ar. Tala berre for mobiltelefonar kan dermed vere noko betre.

Naudvarselet på mobil er eit supplement til Sivilforsvarets sireneanlegg. Det skal brukast for å varsle om hendingar som ekstremvêr som truar liv og helse, terrorangrep, krig, eller radioaktivt utslepp.

(©NPK)