Stadig fleire av Møre-Nytt sine abonnentar nyttar seg av det digitale tilbodet, men det er og mange som ikkje gjer det.

– Dei som abonnerer på papiravisa har og tilgang til nettavisa morenytt.no, og e-avisa, som er papiravisa i digital versjon. Men det er framleis ein stor del av abonnentane som ikkje nyttar dei digitale tilboda, og det vil vi gjere noko med, seier redaktør Svein Aam.

Nettavisa morenytt.no presenterer ferske nyheiter 24 timar i døgnet sju dagar i veka. Dei fleste sakene er berre for abonnentar - såkalla pluss-saker, og for å få lese dei må ein ha ein registrert brukar og logge inn.

– Vi satsar meir og meir på nettavisa vår, også med levande bilete. Vi synest vi har eit godt tilbod, og får mange gode tilbakemeldingar. Men det er kanskje ikkje alle som har oppdaga oss enno? Eller så er det kanskje mange som synest det er vanskeleg å «kome seg på nettet»?

Kundesenteret til Møre-Nytt kan nåast ved å ringe til Møre-Nytt, og så taste 1 for «abonnement». Her sit det folk som kan hjelpe dei som vi opprette digital brukar – noko som altså er inkludert i abonnementet.

Men om du heller vil ha vegleiing ansikt til ansikt så kan du kome til Møre-Nytt og så kan marknadmedarbeider Haakon Sørvik gi hjelp.

– Det kan vere at du har gløymt passordet ditt, eller at du ikkje klarer å logge inn, eller at du ikkje har oppretta brukar tilknytta ditt abonnement. Det kan og vere at mobilen eller nettbrettet må oppdaterast. Vi finn som oftast ei løysing på problemet, seier Haakon Sørvik.

Han har sett av tid på måndagar og torsdagar til å hjelpe abonnentar som vil kome seg på nettet.

– De er og sjølvsagt muleg å få hjelp andre dagar, men då er det best å avtalale først, så det er berre å ta kontakt, seier Haakon Sørvik.