Det var Roy Lund, Tone Emblem, Fred Emblem og Benedicte Emblem Riise som var ute på fisketur i fjorden då kongeørna kom i havsnaud. Dei fire var på veg mot Trandal med båten, då dei såg noko som rørte på seg i vatnet.

– Først såg vi ei nise som kom opp, så såg vi ei til ved sida av. Den eine nisa gjekk ned, men den andre gjorde ikkje det. Då vi kom nærare, såg vi at det var ei ørn som låg og baksa med vengane. Ho var på veg mot land, og han såg så frisk ut at vi trudde han ville greie det. Etter kvart såg vi han ikkje kom til å greie det likevel. Vi bestemte oss då for å ta han om bord og hjelpe han, seier Fred Emblem.

Ved hjelp av håven fekk dei løfta den utslitne ørna om bord.

– Då vi løfta ørna opp, var det ikkje livsteikn i henne. Vi trudde ungen var daud. Men då vi fekk ungen om bord i båten, byrja han livne til att.

Fugleekspert Alv Ottar Folkestad vart kontakta. Han fortalde at dei måtte halde ørna i ro, så skulle han kome og hente henne. I mellomtida kom den lokale rovvilteksperten Frode Holen til unnsetning for å ta hand om ørna, som etter kvart såg ut til å kvikne til.

Ørneungen hadde svelgt mykje vatn, og var kraftig nedkjølt.

Roy Lund, Tone Emblem, Fred Emblem og Benedicte Emblem Riise berga kongeørna frå å drukne fredag. Foto: Kjell Arne Steinsvik