Under eit tilsyn avdekte Statens vegvesen sine kontrollører fleire forhold.

Ein bil som gjekk gjennom periodisk køyretøykontroll (såkalla EU-kontroll) ved verkstaden, vart stoppa i ein tilfeldig kontroll fire dagar etterpå. Då hadde bilen utslitne dekk og dei ekstra fjernlysa på bilen var ikkje godkjende.

Ein stikkprøvekontroll avdekte at verkstaden ikkje kontrollerte understellsnummeret på ein bil dei hadde inne til EU-kontroll.

I tillegg følgde ikkje verkstaden opp ein bil som hadde vore inne til kontroll. Statens vegvesen sin kontroll avdekte kraftig korrosjon/rust i ramme eller berande element på bilen og kraftig rust/korrosjon på eit bremserør.

Verkstaden har også brukt kontrollører som ikkje er gitt opplæring i EU-kontroll.

Statens vegvesen har no varsla verkstaden om at dei vil dra inn løyvet til å gjennomføre kontrollar i tre månader. Verkstaden er no gitt høve til å svare på varselet.