I dag er det 1. april, og dermed trer den landsomfattande bandtvangen for hundar i kraft.

Med mindre hunden er i eit av landet sine få friområde for hund, må hunden haldast i band over alt frå og med no.

Norsk Kennel Klub (NKK) oppmodar alle hundeeigarar til å respektere bandtvangen som varer fram til og med 20. august. Bandtvangen gjeld for alle hundar, uavhengig av rase, storleik og brukstype.

I samband med yngle- og hekketida frå april til august er dyrelivet ekstra sårbart, og dette er hovudårsaka til bandtvangen.

Ufordringa er at hundar har eit stort behov for å springe fritt. Norsk Kennel Klub sender difor ei klar oppfordring til kommunane om å vise ansvar, og kome hundeeigarar i møte ved å opprette eigne friområde der hundane kan springe lause.

Friområda rundt om i landet varierer, nokre er inngjerda, og andre ikkje. Fellesnemnaren er at området skal vere tydeleg merka.

– Med rekordmange hundar i samfunnet, er behovet for slike friområde større enn nokon gong, understrekar Kjetil V. Johansen, kommunikasjonsrådgjeva i Norsk Kennel Klub.