Post- og avisdistributøren Norpost melde oppbod onsdag. Norpost var ein underleverandør til Kvikkas, som tok over distribusjonen av norske laurdagsaviser i fjor haust. Norpost har distribuert avisene i dei områda avisene sine eigne bod ikkje leverer. Det vil i stor grad seie utanfor sentrale strok.

Dette skjedde etter at Samferdselsdepartementet avgjorde å sette denne distribusjonen ut på anbod. Kvikkas leverte eit tilbod med ein langt lågare pris enn det posten skulle ha for å utføre tenesta.

Det har vore store innkøyringsproblem med å få den nye distribusjonen til å fungere, også for Møre-Nytt. Fleire aviser har gått bort frå laurdagsavisa på grunn av den nye distribusjonen.

Norpost har vore Kvikkas sin underleverandør i Ørsta og Volda og dei fleste andre stader i Sør-Noreg, og det er førebels uvisst kva konsekvensar konkursen får for distribusjonen komande laurdag og i tida som følgjer.

Dagleg leiar Stig Kleive i Kvikkas seier til Medier24 at dei jobbar for at avisene skal ut som vanleg laurdag.

– Vi håper det vert levering som vanleg laurdag, og avventar vidare informasjon. Ansvaret ligg hos Samferdselsdepartementet som heilt tydeleg aksepterte eit bod som ikkje dekkjer kostnadene med å få ut laurdagsavisene til abonnentar i spreiddbygde strok, seier Rune Sæbønes, redaktør i Møre-Nytt.