Mathias Nedrelid Vatne var med på påskerebus på Sæbø for første gong i helga. Saman med slekta på Team Vatnevatnet stilde dei mannsterke til start, med 11 personar.

Rekord

Det yra av liv på Sæbø både langfredag og 1. påskedag då den tradisjonsrike Påskerebusen i regi av Sæbø IL Fotball gjekk av stabelen. Rebusen har vore fast tradisjon sidan 1990-talet, og er ein av hovudinntektskjeldene til fotballgruppa, kan Siw Lillebø fortelje.

Saman med Emile van Embden sytte ho for å sleppe dei 50 laga ut på rebusløp, med eitt minutts mellomrom.

– Det har vore ei fantastisk helg. Langfredag hadde vi 72 lag med svært mange personar på kvart lag. Her var i alle fall 500 personar som deltok, og det må vere rekord. Det var «tjåkfullt» over alt og kjempekjekt. Og det er svært bra oppmøte også i dag, fortel Lillebø entusiastisk.

Påskerebusen har vorte populær. Folk kjem frå alle grender i Ørsta og Volda for å vere med, og for å bryne seg på ulike spørsmål - som igjen gir nye koordinatar til kartet og som tek dei til nye postar i Sæbø sentrum.

– Dei beste laga er dei som har med både unge og eldre, for vi har spørsmål som passar alle aldersgrupper.

Noko av det deltakarane fekk bryne seg på var: Kva heiter kulane på ryggen til ein kamel? I kva triologi høyrer vi om trollmannen Gandalf? Kor mange representantar sit på Stortinget? Kven er stortingspresident no?

– Mobiltelefon er ikkje lov. Det er juks, seier Gaute Gulbrandsen, som sat på post saman med Steffen Wille Ytterstad. Det er fotballspelarane på A-laget til Sæbø som har ansvaret for dei ulike postane.

–Men vi må drive litt rekruttering, så Gaute er med og hjelper til, seier Ytterstad, medan han held kontroll på både lappar og sal av kaffi og forfriskningar til rebusdeltakarane.

Premiar

– Her er alle med og bidreg. Det er «all in» for påskerebusen. Og vi møter berre velvilje, fortel Lillebø.

Dei er svært takksame for sponsorane, som har stilt opp med premiar av svær sort, mellom anna vart det lodda ut ein sykkel, og det vart delt ut gåvekort på alt frå mår til pizza og kinobillettar til dei beste laga.

– Kjempebra tiltak, helsar team Vatnevatnet.

Kaffipause: Undervegs serverte Steffen Wille Ytterstad og Gaute Gulbrandsen kaffi og forfriskningar til påskerebusdeltakarane. Her er det Olav Sindre Kriken og Marianne Hauge Kriken som sikrar seg nokre varmt i koppen. Foto: Janne-Marit Myklebust