På Brekke ved den nye «VØR-brua» over til Melsgjerdet landa han i morgontimane fredag ein laks på 4,1 kilo.

– Han beit på sluken på fyrste kast, så det var litt av ein start på sesongen, fortel Håvard.

Håvard Aasen i "VØR-hølen" på Brekke. Foto: Rune Sæbønes

Han vedgår at han var litt spent før sesongstarten på laksefisket.

– Det har vore ei svært lita elv, og vi var usikre på om laksen ville gå opp. Det har stått fisk i osen, men vi har sett lite her framme i elva, sjølv om her har vorte sett nokre, fortel Håvard.

Sjølv om han karakteriserer laksen som ei fødselsdagsgåve til seg sjølv, er det ikkje snakk om å servere han på middagsbordet laurdag.

– Nei, denne skal røykast, seier Aasen.

I Ørstaelva vart det fiska fleire laksar fredag morgon, og den største skal vere over åtte kilo.

I Bondalselva vart det landa i alle fall fem laksar i morgontimane, og ein av dei som fekk fisk var Jan Paulsen.

Tradisjonen tru fiska han i Frølandssona nedanfor Kvistadbrua. Og tradisjonen tru, fekk han fisk på fyrste dag.

– Det gjekk greitt å lande han, men no har eg naglebit, for det er kaldt i dag, fortel Paulsen.

Jan Paulsen tok laks i opningstimane også i år. Foto: Rune Sæbønes

Han også var spent på om fisken ville bite, for Bondalselva har vore svært lita i dagane før opninga.

– Men nedbøren som kom torsdag kveld og natt til fredag har gjort elva større. Sjølv om det er vanskeleg å sjå, kjem laksen opp. Og no går han i rask fart oppover i elva, seier Paulsen. Då han kom «heim» til Hjørundfjord camping viste vekta at laksen var på 4,7 kilo.

Christoffer Bjørge med laksen han tok i Hustad-sona i Bondalselva fredag morgon. Foto: Svein Aam

Christoffer Bjørge frå Fosnavåg var ein dei som smilte breitt på elvebarden fredag morgon. Han landa ein laks på vel fire kilo.

– Det er andre gongen eg er i Bondalselva, fortel Bjørge, godt fornøgd med fangsten.