Faregraden er sett til 3 - betydelig snøskredfare (oransje nivå), og det er fare for store, naturleg utløyste skred.

-Snøbyger gir fare for store naturleg utløyste skred første del av dagen. Unngå skredterreng, skriv varsom.no.

Og vidare:

«Snøbyger og vind frå nordvest held fram, og pålagring av snø i leheng held oppe faren for naturleg utløyste skred første del av dagen. Mest utsett er høgtliggande leområde mot sør og aust.

Her kan det vere store snømengder, og skred kan bli store.

Sjølv om veret roar seg utover dagen vil ferske nysnøflak trenge tid for å stabilisere seg og det kan vere svært lett å løyse ut skred der flaka er ferske.

Bygesituasjonen gir usikkerheit i prognosane og kan gi store lokale skilnader i kor mye nedbør som kjem.»