Ørsta kommune har ope for vaksinering torsdag 8. desember, som er den siste planlagde vaksinasjonsdagen før jul. Om dagen ikkje passar kan ein nytte vaksinasjonstilbodet i andre kommune.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Vaksinasjonsstad er gamle HBO lokalet ved Grepalidvegen frå 10.00–14.00. Ingen timebestilling, kun drop in.

FHI har no opna opp for at personar mellom 18–64 år utan underliggande risikosjukdomar kan ta ny covid-oppfriskningsdose (dose 4), dersom dei sjølv ynskjer det.

Det er viktig å få fram att dette er eit tilbod og ikkje ei anbefaling.

Ørsta kommune minner om att personar over 65 år og dei som er i risikogruppe mellom 18–64 år er anbefalt ei oppfriskningsdose 4.