Ferske tal frå Legemiddelverket viser at 465.708 nordmenn bruker ei eller anna form for sovemedisin, ifølgje radiokanalen.

Søvnforskar Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen seier at auken under pandemien kjem av at fleire då uroa seg både for si eiga og andre si helse, men også på grunn av mykje uvisse og mange permitterte i arbeidslivet.

– På same måte ser vi at fleire uroer seg mykje for høgare prisar og krigen i Ukraina, og derfor gjerne tyr til sovepiller, seier han.

Tala frå Legemiddelverket viser at det er ein nedgang i dei sterke og meir vanedannande sovemidla, men ein auke i dei meir milde og reseptfrie variantane.

(©NPK)