Frå 1. januar blir det auka prisar for dei fleste billettypar, og auken utgjer i gjennomsnitt 4,3 %. Dette motsvarar indeks for kommunal deflator som settast i statsbudsjettet. Billettinntektene går i sin heilheit tilbake til kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.

Det går fram av ei pressemelding frå FRAM, som er Møre og Romsdal fylkeskommune transportselskap.

Dei skriv at dette er eit resultat av auka priser på tenester elles i samfunnet.

– Kollektivtrafikken har fått auka kostnadar slik som mange andre tenester i samfunnet, seier leiar i FRAM marknad, Toril Karlsnes.

Uendra pris for ungdom

Prisen på FRAM Ung blir uendra med 450 kr for 30-dagarsbillett. Denne billetten gjeld for buss og hurtigbåt i heile fylket. Det kan vere verdt å merke seg at andre billettypar kan vere billegare dersom ein ikkje har behov for å reise i større delar av fylket.

Nytt honnør-produkt

Frå 1. januar introduserast billetten FRAM Honnør. Denne vil koste 570 kr for 30 dagar.

- Å tilby eit slikt produkt til denne aldersgruppa vil kunne auke attraktiviteten med å ta buss, seier Karlsnes.