Politiet i Møre og Romsdal melde i 5-tida laurdag morgon at UP hadde gjennomført ein fartskontroll i Hjartåbergtunnelen.

Der vart ein bil målt til heile 192 kilometer i timen. Førarkortet vart beslaglagt og politit opprettar sak.

I tillegg gav UP eit forenkla førelegg til ein annan bilførar.